Aldersgrense: 18
Dørene åpner:21:00
Konsertstart:22:00
Billetter: 230/170 + avg

Aasmund Nordstoga med Abildsø Spelemannslag

Kulturminne er spor som me menneske set etter oss. Og nye spor trur me Aasmund Nordstoga set i lag med sine eminente musikarar, når dei til hausten skal reise land og strand rundt med sitt viseprosjekt, Ein visefugg.

Ein visefugg er rett og slett ei notisbok eller ein liten bunke med viseavskrifter - mykje brukt før bandopptakarens tid, men slett ikkje uvanleg i vår tid heller – rett og slett eit realt kulturminne som finst i vesker, skuffar, hyller og skåp over heile landet. I Aasmunds visefugg er der folkeviser, revyviser, rallarviser og viser med skillingsvisepreg. Alle er frå fyrste halvdel av 1900-talet eller tidlegare. Fellesnemnar for dei er at dei tenderar mot det burleske, og ein kan tenkje seg at visediktaren vil riste litt opp i besteborgaren, provosere og kritisere. Her er både rallar og prelat, himmel og helvete, kjærleik og lyst. Det er viser med klo og brodd, der forfattaren var svært medveten om at adressaten tok det til seg og kunne bli fornærma. Men dei verkar nok ikkje på same måten i dag som då dei var ferske. Me vil nok sjå dei meir som morosam, velforma kvardagslyrikk.

Aasmund Nordstoga er mjølkebonde på garden Plassen i Vinje i Telemark, men er nok betre kjent som folkemusikar. Ein del vil også kjenne han att som kanalvert (kulturminne, faktisk!) på NRK-fjernsynet for nokre år sidan. I fjor haust turnerte han med framsyninga Storegut i lag med bror Odd og hardingfelespelaren Per Anders Buen Garnås. Med Ein visefugg tek han for seg den folkelege visetradisjonen her til lands, og med eit toppa lag frå norsk pop, jazz og folkemusikk legg han ut på turné i regi av Rikskonsertane hausten 2009. Ein visefugg kjem også ut på plate, og er ei av årets norske storsatsingar hjå Warner Music.

MUSIKARAR :
Aasmund Nordstoga – song
Daniel Sandén-Warg – feler
Jørund Fluge Samuelsen – munnspel og fløyter
Åsmund Reistad – gitarar
John Vinge – tangentar
Sondre Meisfjord - kontrabass

Konserten arrangeres i samarbeid med Rikskonsertene.